søndag 26. april 2020

Siste innspurt

Då er eg i sluttfasen av kurset "Literacy og læring i digitale omgjevnader". Eg hadde ikkje sett for meg når eg starta i januar at det brått skulle bli så høgaktuelt to månader seinare. Det har vore veldig nytte lærdom med omsyn til å kome meg gjennom perioden med digital undervising og heimeskule med dottera mi. Eg håpar at eg kan bruke mykje av det eg har lært seinare i arbeidslivet, slik at eg ikkje vert ein digital dinosaur. 😊Så har eg diverre hatt knapt med tid til å kome i land med mappeinnleveringa, men med ein siste innsats no skal det vel gå. 😊

søndag 1. mars 2020

Literacy og tidsbruk for foreldre i ei stor familie



Katarina er ei kvinne på 39 år som studerer literacy og jobbar deltid som lærar. Ho har 4 born i alderen 4 til 13 år. I veke 2 i 2020 skreiv ho ein logg om hennar teksthendingar eit døgn, som vart utgangspunktet for eit intervju eg hadde med ho og transkriberte i etterkant. Det var teksthendingar knytt til digital teknologi som stod mest i sentrum. Med utgangspunkt i loggen og intervjuet har eg prøvd å finne nokre mønster i teksthendingane til Katarina knytt til literacy i digitale omgjevnader. Funna var interessante for meg, fordi eg sjølv er i ei liknande livsfase og kunne sjå likskap med mange av prioriteringane og synspunkta som kom fram. Eg vil avgrense til å ta føre meg tekstbruk knytt til digital teknologi, og der berre ho sjølv frå familien er involvert. 
 
I starten av literacy-døgnet gjekk ho inn på faste sider, som NRK, Dagbladet, VG Aftenbladet og Youtube. Dette er ifølgje Katarina ei morgonrutine, og noko ho gjer fleire gonger i løpet av dagen. Ved at det er ei rutine som følgjer visse mønster, er det også ein tekstpraksis for Katarina, og slik «sjekking» trur eg mange kan mange kjenne seg igjen i større eller mindre grad i eit moderne mediesamfunn. Ho går inn på sider umedvite, utan nødvendigvis å tenkje så mykje over formålet. Innleiingsvis i intervjuet kommenterer ho den hyppige bruken av mobiltelefonen som  “uvanar” og noko ho vil “forandre”. Katarina reflekterer over at ein grunn til at ho vil halde seg oppdatert og “sjekke”, er at ho har jobba mange år som journalist. Ho bruker generelt iphone mykje gjennom dagen, gjerne i kombinasjon med andre aktivitetar. I tillegg skriv ho meldingar gjennom den digitale plattforma Messenger og høyrer på podkastar.
 
Eit mønster i teksthendingane er at livssituasjonen påverkar ho, ved at det er hektisk å kombinere studiar, jobb og familieliv, særleg med tanke på at ho har så stor familie. Å sjekke oppdateringar og liknande er ikkje så krevjande teksthendingar i følgje Katarina. Det er noko ho kan gjere sjølv om er “sliten”. Den travle livssituasjonen gjer naturleg nok at ho har behov for å slappe av. Ho bruker difor mobiltelefonen til rekreasjon. Samstundes er Katarina også medviten om moglegheitene ved bruk av mobiltelefon, som at tekst heile vegen er lett tilgjengeleg, og at ein kan lese ulike tekstar samtidig. Gjennom mobiltelefonen får ho tid til å sette seg inn i tekstar ho elles ikkje hadde hatt tid til, noko ho verdset i den hektiske kvardagen. 
 
Iphonen er difor i denne samanhengen ein ressurs. Den er nyttig gjennom at ho sparer tid gjennom at alt er samla på ein stad. Katarina peikar også på at ho kan gjere ulike aktivitetar samstundes, som å høyre på podkast medan ho køyrer bil eller gjer husarbeid. Iphonen er dermed ein nyttig teknologi å multitaske med. Til dømes får ho moglegheit til å sette seg inn i amerikansk politikk, som er ei av hovudinteressene. Sjølv om familiesituasjonen krev at Katarina bruker mykje tid på oppgåver knytt til heimen, får ho også tid til å sette seg inn i tekstar. I den digitale tidsalder vert det av fleire påpeika at multitasking gjer at ein mistar fokus til å konsentrere seg om ei og ei oppgåve, men for Katarina og mange andre gjev det moglegheiter til å få med seg meir.   
 
I motsetnad til ein del av nettbruken, er Katarina medviten på kva for podkastar ho lyttar på. Podkast er eit medium der tale og dialog er langt meir sentralt enn skrift, så ut frå ein smal definisjon kan det diskuterast i kor stor grad det er literacy. På den andre sida er det ofte journalistar og mediehus som lagar podkastar, ein les gjerne skrift når ein går inn på podkasten, samt at podkastar også kan handle om literacy. Eit døme er podkasten «Kjente bøker på 4 minutt», på NRK.no. For Katarina er det gunstig at ho får moglegheit til å velje ut det ho har mest lyst til å høyre på, og bestemme tidspunkt sjølv. Såleis skil det seg frå ordinær radiolytting, og er ei teknologisk forbetring.  I ein travel kvardag er difor podkast eit godt alternativ, som når Katarina set seg inn i ei sjølvinitiert nisjeinteresse som amerikansk politikk, medan ho støvsugar eller gjer andre aktivitetar heime.  
 
Katarina liker å bruke den digitale plattforma Messenger, noko det er fleire grunnar til. Ho peikar for det fyrste på at det er lett å bruke Messenger. For det andre trekkjer ho fram det mellommenneskelege gjennom formidling av humor, eller at ein kan bruke Emojis for å uttrykkje kjensler. Dette er funksjonar som tradisjonelt har vore knytt opp mot tale, noko som ho nemner i intervjuet. Ho peikar endeleg på at Messenger er eit nyttig teknologisk hjelpemiddel for å halde kontakt med folk ho ikkje ser så ofte. Avstand vert oppheva. Det er kanskje gjennom Messenger at literacy i størst grad er ein sosial aktivitet for Katarina, i alle fall basert på intervjuet. Messenger er ei plattform der ein kan dyrke felles interesser og halde kontakt med folk som bur langt vekke, noko ho set pris på. Kommunikasjonen på Messenger går oftast føre seg med menneske ein har møtt eller kjenner frå det verkelege livet, og tidlegare har møtt ansikt til ansikt. Messenger gjev moglegheit til å kombinere moderne og tradisjonelle former for tale og skrift, og det verkar som nettopp det er eit mønster i Katarina sine tekstpraksisar knytt til digital teknologi.
 
For å oppsummere bruker Katarina digital teknologi knytt til literacy aktivt i kvardagen, både heime, under studiar og på jobb. Ho kombinerer literacy med andre aktivitetar, fordi ho har ein travel kvardag med 4 born. Ny digital teknologi gjer at ho får tid til å sette seg inn i og kommunisere på måtar ho elles ikkje hadde hatt tid til på grunn av familiesituasjonen. Multitasking knytt til teknologi vert ofte sett på som noko som gjer at ein mistar fokus, noko ho også nemner sjølv. For Katarina fører det kanskje likevel mest til at det blir mogleg å få tid til fleire teksthendingar i kvardagen. Elles bruker ikkje Katarina så mange sosiale medium, men held seg mest til Messenger og podkastar, samt ulike nettaviser og Youtube. Ho vel i stor grad digitale plattformer ut frå eit ynskje om å kunne slappe av i ei hektisk livsfase, samt å oppdatere seg på visse interesser.

mandag 27. januar 2020

Forslag til utjamning av sosiale skilnader i skulen

https://forskning.no/ntb-skole-og-utdanning-utdanning/elever-med-hoyt-utdannede-foreldre-gjor-det-bedre-pa-nasjonale-prover/1627306

Tal frå resultata frå nasjonale prøver viser at elevar med høgt utdanna foreldre framleis gjer det betre enn dei som ikkje har det. Mange elevar risikerer framleis på sikt å falle ut av arbeidslivet. Vi veit at mange gutar er spesielt sårbare. For å utjamne sosiale skilnader er det viktig å gje utsette grupper elevar tilgang til skrift.

Det vert gjort mykje godt arbeid i skulen med omsyn til å utjamne sosiale skilnadar. Det er vel ikkje noko lærarar ynskjer meir enn å hjelpe fleire elevar med spesielle utfordringar. Samstundes er sosial ulikskap eit komplekst samfunnproblem, der skulen berre er ein av institusjonane som er involvert.

Ut frå teori på literacy-feltet, kan det tenkjast at det å ta meir utgangspunkt i gaming og andre nye formar for tekst dei unge er opptekne av, kan ha positiv effekt. Gaming og TV-seriar kan vere ein inngangsportal til meir tradisjonell og fagspesifikk kunnskap. I norskfaget kan nye former for tekst vere noko å ta utgangspunkt i når elevane skal lære fiktive lesemåtar.

Forsking viser at vi som jobbar i skulen bør vere medvitne på kva som implisitt vert vektlagt i skuleinstitusjonen. Det er viktig å elevane tilgang til kva som er nødvendige ferdigheitet for å lukkast, spesielt på lang sikt. Å vere tydeleg på formålet med opplæringa, kan vere ein måte å nå fram til fleire på.

Er det nokon som har andre forslag?

Magnus

Siste innspurt

Då er eg i sluttfasen av kurset "Literacy og læring i digitale omgjevnader". Eg hadde ikkje sett for meg når eg starta i januar at...