https://forskning.no/ntb-skole-og-utdanning-utdanning/elever-med-hoyt-utdannede-foreldre-gjor-det-bedre-pa-nasjonale-prover/1627306
Tal frå resultata frå nasjonale prøver viser at elevar med høgt utdanna foreldre framleis gjer det betre enn dei som ikkje har det. Mange elevar risikerer framleis på sikt å falle ut av arbeidslivet. Vi veit at mange gutar er spesielt sårbare. For å utjamne sosiale skilnader er det viktig å gje utsette grupper elevar tilgang til skrift.
Det vert gjort mykje godt arbeid i skulen med omsyn til å utjamne sosiale skilnadar. Det er vel ikkje noko lærarar ynskjer meir enn å hjelpe fleire elevar med spesielle utfordringar. Samstundes er sosial ulikskap eit komplekst samfunnproblem, der skulen berre er ein av institusjonane som er involvert.
Ut frå teori på literacy-feltet, kan det tenkjast at det å ta meir utgangspunkt i gaming og andre nye formar for tekst dei unge er opptekne av, kan ha positiv effekt. Gaming og TV-seriar kan vere ein inngangsportal til meir tradisjonell og fagspesifikk kunnskap. I norskfaget kan nye former for tekst vere noko å ta utgangspunkt i når elevane skal lære fiktive lesemåtar.
Forsking viser at vi som jobbar i skulen bør vere medvitne på kva som implisitt vert vektlagt i skuleinstitusjonen. Det er viktig å elevane tilgang til kva som er nødvendige ferdigheitet for å lukkast, spesielt på lang sikt. Å vere tydeleg på formålet med opplæringa, kan vere ein måte å nå fram til fleire på.
Er det nokon som har andre forslag?
Magnus
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Siste innspurt
Då er eg i sluttfasen av kurset "Literacy og læring i digitale omgjevnader". Eg hadde ikkje sett for meg når eg starta i januar at...
-
https://forskning.no/ntb-skole-og-utdanning-utdanning/elever-med-hoyt-utdannede-foreldre-gjor-det-bedre-pa-nasjonale-prover/1627306 Tal fr...
-
Då er eg i sluttfasen av kurset "Literacy og læring i digitale omgjevnader". Eg hadde ikkje sett for meg når eg starta i januar at...
-
Katarina er ei kvinne på 39 år som studerer literacy og jobbar deltid som lærar. Ho har 4 born i alderen 4 til 13 år. I veke 2 i 2020 sk...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar